Hopp til hovedinnhold

Vi kjenner oss ikkje att i det biletet som blir teikna av situasjonen ved SNR

Bilde av Olav Lødemel

Det siste døgnet har det kome fram påstandar i media som gir eit bilete av leiing, arbeidsmiljø og handtering av utfordringar ved klinikk SNR på Hjelset som eg meiner det er viktig å kommentere.

Vi kjenner oss ikkje att i framstillinga av at bekymringar ikkje blir tekne på alvor, eller at det manglar openheit og dialog i organisasjonen. Medverknad og involvering er grunnleggjande verdiar i Helse Møre og Romsdal.

Vi legg stor vekt på dialog med medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta, og vi har etablerte system for å melde frå om forhold som ein meiner bør følgjast opp.

Vi ønskjer òg dialog med lokal leiing, tillitsvalde og verneombod om dei påståtte forholda som no kjem fram i media, slik at vi kan få belyst saka på ein grundig og ryddig måte.

Det er inga tvil om at etableringa av det nye sjukehuset på Hjelset har vore ei svært krevjande oppgåve. Flyttinga til eit heilt nytt sjukehus, innføringa av Helseplattforma og den økonomiske situasjonen helseføretaket står i, har stilt store krav til både medarbeidarar og leiarar. I ein slik situasjon vil det oppstå utfordringar som må handterast undervegs.

Det viktige er korleis vi møter desse utfordringane.

Full tillit til klinikksjef 

Eg har stor respekt for den innsatsen som er lagd ned gjennom denne perioden, og full tillit til klinikksjef Britt Rakvåg Roald og dei andre leiarane i klinikken. Dei har over tid handtert krevjande problemstillingar, samtidig som dei har sørga for forsvarleg pasientbehandling og stabil drift gjennom ei omfattande omstilling.

Sjølv om det har vore utfordringar, har medarbeidarar og leiarar kvar dag bidrege til at pasientane har fått den behandlinga dei treng.

Har ikkje motteke informasjon frå Arbeidstilsynet

Når det gjeld opplysningane om at saka skal vere meldt til Arbeidstilsynet, har Helse Møre og Romsdal per i dag ikkje motteke informasjon om dette utover det som er omtalt i media. Dersom Arbeidstilsynet vel å følgje opp saka, vil vi sjølvsagt samarbeide fullt ut og bidra til ei open og ryddig handtering.

Det er viktig at alle stemmer blir høyrde, og at bekymringar blir tekne på alvor. Samtidig meiner eg at det biletet som no blir teikna, ikkje gir ei balansert framstilling av situasjonen ved SNR eller av den store innsatsen medarbeidarar og leiarar har lagt ned for å halde oppe eit godt tilbod til pasientane gjennom ei svært krevjande omstillingsperiode.

Eg vil rette ei stor anerkjenning til alle som har bidrege i dette arbeidet, og eg har stor tillit til leiarane og medarbeidarane som kvar dag arbeider for å sikre pasientane gode og forsvarlege helsetenester.

3 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Helene Drage Samnøy

, 
Sykepleier/ pensjonert helseleder og grunder av Varslingsheltene
1 uke 5 dager siden

Når toppledelsen sier at den ikke kjenner seg igjen i beskrivelsene av fryktkultur, er den da villig til å undersøke om nettopp dette manglende samsvaret mellom ledelsens og medarbeidernes virkelighetsforståelse kan være en del av problemet?

Tillit bygges ikke ved at toppledelsen erklærer at den finnes. Den bygges gjennom erfaringene mennesker gjør når de våger å si fra.

Anna Antonsen

, 
Sykepleier på skjermet demensavdeling
1 uke 5 dager siden

Amen.

Som svar på av Anonym (ikke bekreftet)

Anna Antonsen

, 
Sykepleier på skjermet demensavdeling
1 uke 5 dager siden

Blir både matt og litt vrang. Hvorfor fremhever han all den krevende jobben som er gjort? Problemet er jo at det har vært for krevende! Og folk orker ikke. Dette er svada. Null troverdighet.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse